"Contextual Frame". Bjørn Tore Stavang. Foto: Berit Oksfjellelv
"Contextual Frame". Bjørn Tore Stavang. Foto: Berit Oksfjellelv
"Contextual Frame". Bjørn Tore Stavang. Foto: Berit Oksfjellelv
"An Irregular Corresponding Transformation". Bjørn Tore Stavang. Foto: Berit Oksfjellelv
"Peeping Trough (M. Gardners eyes)". Bjørn Tore Stavang. Foto: Berit Oksfjellelv
"Common Ground". Bjørn Tore Stavang. Foto: Berit Oksfjellelv

Illusjonistisk lureri og åpenbar samtidskritikk

PRECEPTUAL FRAUD. BJØRN TORE STAVANG. SOMMERUTSTILLINGEN SVOLVÆR KUNSTFORENING 2012.
Når eg kjem inn døra til Svolvær Kunstforening, ser eg fleire dører i det kvite rommet. Berre to av dei hører rommet til. Dei andre kan ein ikkje gå gjennom.

SKINNblad 03-2012
Berit Oksfjellelv.
Oksfjellelv er frilansjournalist, har arbeidd som norsklektor og lærar i uttrykkshistorie og i kunst og handverk, og gjev i haust ut barneboka «Ut av Munnen» på Mangschou. Hun har mellomfag i kunsthistorie og hovudfag i nordisk, og har òg arbeidd i namnekonsulenttenesta i Norsk ordbok og i Landslaget for Norskundervisning.

 

Rett overfor meg er dørene til T-banevogna i ferd med å gli igjen, og eg tek meg i å ville springe bort til dei for å nå toget. Men dørene er ein illusjon.

Bjørn Tore Stavang har malt desse dørene i naturleg storleik. På nært hald ser ein tørre penselstrok på eit tredelt lerret. Eg let meg lure, som tittelen på utstillinga inviterer til (Perceptual fraud). «Do not lean on Door» står det midt på T-banevogna. Eg skal ikkje gjere det.

Eit måleri dekkjer eit av hjørna på utstillingsrommet. Eit todelt lerret der venstresida viser ei døropning, høgre lerret viser døra. Ein teknisk god illusjon som ville lurt oss hadde det ikkje vore for den gule målingsflekken som er splæsja utover – ikkje berre dørbladet, men òg over døropninga, der det òg er ei spegling av ei anna dør – eller er det den same? Og målingsboksen med den gule målinga er på veg inn i det mørke rommet.

Ein komposisjon består av eit laust lerret ved sida av eit tredelt lerret. Det illuderer eit rom – eit hotellrom? Eit sjukehusrom? Vindauget blir spegla gjennom døra som igjen blir spegla i ein spegel på rommet – her er det full optisk forvirring, og eg blir lura på same måte som av Eschers trappeteikningar, berre at hos Stavang blir eg nesten lura til å tru at dette er verkeleg.

Eit gammalt vindauge – eit sprukke glas, eit som er heilt borte. Inne i huset – rot, berepose, pappesker. Glasruta speglar ein tom fiskehjell. I vindauget på andre sida av rommet vi ser inn i, ser vi utsnitt frå ein by som liknar Svolvær; ein vasskant, ei kvit kyrkje og eit moderne høghus av glas som ruvar høgare enn kyrkja. Er det eit hotell, eit forretningsbygg? Huset til Mammon tek større plass enn gudshuset. Ein samansett samtidskritikk; fråflytting, urbanisering, nedlegging av primærnæringa og oppblomstring av tertiærnæringa.

Det svakaste leddet i utstillinga meiner eg er dei tolv lerreta som til saman utgjer verka Existentialism for the Masses og Common Ground. Den openberre mediekritikken i desse tv-skjermbileta blir platt og uinteressant, og bryt med den langt meir spennande illusjonismen i dei barokkaktige interiørframstillingane i dei andre bileta.

Urbaniseringa/fråflyttinga frå bygdene, oljesølet, – men først og fremst kunstfilosofi og estetiske grunnlagsproblem er tema som får gjennomgå i dei hyperrealistiske bileta til Stavang. Best synest eg han lykkast med det siste. Og det lykkast han til gjengjeld veldig godt med.

blog comments powered by Disqus

KONTAKT OSS

Se Kunst i Nord-Norge
Telefon: 75 50 66 20
Postadresse: Postboks 541, 8001 Bodø
Kontoradresse: Storgata 13/15,
Mediegården, 2. etg, 8006 Bodø
E-post: post@sekunst.no



Ansvarlig redaktør: Eva Skotnes Vikjord

Design: Whitefox & Claudia C. Sandor | Webløsning Seria AS